Vi søkjer etter gutar og jenter i alderen 6 – 13 år som vil vere med på Elskhug og eksis 2009. Alle som er interessert i å vere med kan møte i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid torsdag 19 mars kl. 18.00. Elskhug og eksis er ein historisk musikal som no skal setjast opp for 3. gong. Øvingar for borna startar i april/mai. Stykket skal framførast 26., 27. og 28. juni. Du må like å synge og spele skodespel. Påmelding til Eid Frivilligsentral, tlf. 57886340/91138992 eller
Elskhug og Eksis -09 Audition - Måndag 2. mars
Det vert audition for gutar/menn og jenter/damer 14 – 25 år, måndag 2. mars kl. 16.00 – 19.30 i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid. Elskhug og eksis er ein historisk musikal som no skal setjast opp for 3. gong. Øvingar startar ca. 12. juni. Stykket skal framførast 26., 27. og 28. juni. Elskhug og eksis har fleire tale og sangroller for ungdom og unge vaksne i denne aldersgruppa. På audition må du synge, og gjerne framføre ein tekst! Du vel sjølv kva du vil syngje og framføre. Regissør 2009: Ronald Rørvik Påmelding til Eid Frivilligsentral, tlf. 57886340/91138992 eller
Det vert ny oppsetting av Elskhug & Eksis i 2009
Styret i Elskhug & Eksis har fastsett datoane for framsyning av spelstykket i 2009.
Stykket vert dette året spelt med 3 framsyningar: 26. - 27. og 28. juni.
Generalpørven vert 24. juni
Årsmøte Elskhug & Eksis 2007
Årsmøte/årssamling i Elskhug & Eksis vart halde på Nordfjord Hotell 15. november 2007. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Styreleiar Gunnar Ellingsen hadde sagt frå seg attval og valnemda innstillte samrøystes Geir Lefdal som ny styreleiar. Årsmøtet slutta seg samrøystes (ved akklamasjon) til valnemda si innstilling. Ellers vart Hilde Hoddevik vald som ny styremedlem og Liv Marit Øvstebø og Ketil Rasmussen vert nye varamedlemmer til styret. På vegne av organisasjonen bak Elskhug & Eksis overrekte Agnar Kragseth blomar og gåve til Gunnar Ellingsen med takk for framifrå arbeid, og samarbeid, i tida han har vore styreleiar.
Etter årsmøtet var det "mimresamling" der Michael Pavelich m.a. gav ei kort oppsummering av årets framsyningar. Det vart vist videoopptak frå framsyningane og dei frammøtte kosa seg med nydeleg pizza fra Nordfjord Hotell.