Audition i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid laurdag 10/3 frå kl. 14.00. Hovudrolla som Vall Øyebakken: Menn 40 – 55 år. Andre store og små roller: Born 6 – 13 år, Jenter/damer 14 – 30 år, Gutar/menn 15 - 30 år Påmelding innan fredag 9/3 – kl. 12.00 Alle som melder seg, får beskjed om når dei skal møte! Påmelding/informasjon: tlf. 57886340, e-post: Bli med på eit av årets mest spennande teaterprosjekt i Nordfjord!
Bli med på Elskhug og eksis - 2007
Andre oppsetting av den historiske musikalen ”Elskhug og eksis” har premiere på Eksersisplassen på Nordfjordeid 21. juni 2007. No er styret for Elskhug og eksis på jakt etter nye skodespelarar til fleire av rollene i stykket. Mellom anna ønskjer dei ein lokal skodespelar i hovudrolla som Vall Øyebakken. Også born, unge vaksne jenter og unge vaksne gutar kan møte til audition 10. mars. Sidan det i si tid kom unge gutar til eksis på Nordfjordeid frå Nordfjord og Sunnmøre, trengst det skodespelarar frå heile denne regionen.
Sogn og Fjordane-besøket av Kronprinsparet vart avslutta på Nordfjordeid med stor folkefest på Eksersisplassen. Hovedinnslaget var utdrag frå Elskhug og eksis. Hege Lillestøl song ”Når soli blenkjer” og Erlend Gjul song ”Karuselldamen. Elles så var mest alle frå 2005-førestillinga med.
Elskhug og eksis vert framført på Eksersisplassen på Nordfjordeid annakvart år. Styret i Elskhug og eksis har i styremøte 6. juli vedteke speledatoane for Elskhug og eksis 2007. Premieren er sett til torsdag 21. juni. Det vert framsyningar fredag 22. juni, laurdag 23. juni og søndag 24. juni. Vel møtt til ny folkefest i 2007!