Det vert årsmøte og mimrekveld for Elskhug og eksis, tysdag 17. november kl. 18.00 på Nordfjord Hotell. Alle medverkande på og bak scena er inviterte til å vere med. Det vert pizza og brus til alle. Pris kr. 50,- pr. pers. Har de saker som de ønskjer skal takast opp på årsmøtet, må de melde det inn på e-post til Eid Frivilligsentral snarast :
Lars Lunde vil vere der med bileteutstilling, og vi vil vise DVD-en frå Elskhug og eksis 2009. Filmen er laga av Steinar Vollan i Stryn, som også laga filmen operahusopninga. DVD-en kan kjøpast for kr. 200,-. Vi har førehandsbestilt 55 kopiar som vi sel på mimrefesten. Fleire kan bestillast.
Vel møtt til ein trivelig kveld på Nordfjord Hotell.