|
26. - 28. juni brakar det bokstavleg tala med laust med tredje framføring av det historiske realityspelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid. Med over 50 personar ekstra på scena og Ronald Rørvik som regissør, er spelet både større og meir sprelsk enn nokon gong – og ikkje minst ungdommeleg våryrt!
Elskhug og Eksis er eit spel som samlar skodespelarar frå heile regionen. I tillegg til mange talent frå heimbygda til spelet, så vil ein sjå kjente fjes frå både Stryn, Vågsøy, Hjørundvåg, Hornindal, Volda og Ørsta. - Sjølv om stykket har same tematikk som alltid, så er det mykje nytt. Ikkje minst på persongalleriet der Thomas Hals frå Kjølsdalen kjem inn i rolla som Valdemar Valdemarsen Øyebakke, og Runar Nybø frå Ørsta kjem inn i rolla som Andreas Røvde, fortel styreleiar Geir Lefdal. Våryre ungdomar Teaterframsyninga Elskhug og eksis finn stad på den gamle eksersisplassen ved Eidselva på Nordfjordeid, akkurat på den same staden der hendingane faktisk fann stad for over 100 år sidan. - Det reine norske flagget er eit viktig moment i stykket, sjølv om det er unionsflagget som vaiar på flaggstonga. Framsyninga syner eit spanande bilete av miljøet i Nordfjord 17. mai 1895 – berre ti år før unionsoppløysinga, forklarer Geir Lefdal, som karakteriserer spelet som noko så unikt som eit historisk realityspel. Framsyninga startar med at nokre unggutar vil heise unionsflagget og erstatte det med eit reint norsk flagg. Dette var ei straffbar handling den gongen, for det var berre unionsflagget som skulle heisast på det militære området. - I dei neste scenene utspeler det seg noko dramatikk i samband med at ungdomane på Nordfjordeid er våryre – då som no. Rekruttane er sjølvsagt ute etter litt elskhug, ikkje berre eksis, smiler Lefdal. Ei reise i historia Elskhug og Eksis er eit interessa tilbakeblikk på ein heilt annan kvardag i nordfjordregionen enn han vi kjenner no. Gjennom song og musikk framstiller skodespelarar og musikarar det frodige folkelivet på eksersisplassen i 1890-åra. - I handlinga er sjølvsagt nasjonaldagen ei viktig hending, og folk flest førebur seg. Men jekteholkjerringane, med Moa-Pernele i spissen, står for klesvasken til dei militære. For dei er det ein vanleg arbeidsdag – i alle fall delar av dagen. Det er visuelt flotte scener å sjå dette spelet i dei historiske omgjevnadene på eksisplassen. Det vert som ei skikkeleg reise gjennom historia, meiner Geir Lefdal.
Liv og røre Sjølvsagt skjer der mykje anna i løpet av framsyninga. Hovudpersonane frisøren Vall Øyebakken og fotografen Andreas Røvde møtest på eksisplassen. Dei festpynta ungjentene gjer seg klar til fotografering. Kjøsnesmusikken spelar og borna marsjerer taktfast saman med den gamle tamburen Paul Paulson. Ungdomslaget skal øve inn songar og skodespel til Pinsetreffet på Sandane og lagar eit opptrinn på plassen. Det vert arrangert leikar for borna, og orkesteret spelar opp til dans. - Alt dette var vanleg på 17. mai i nordfjordbygdene på slutten av 1800-talet. Men dette året svingar nokre av rekruttane seg litt meir dristig enn andre, og det blir meir dramatikk kring flagget på plassen enn planlagt, forklarer Lefdal engasjert.
Kontakt informasjon:
Geir Lefdal tlf : 915 31 442 - 57 86 39 67Astrid Grethe Torheim: 57 88 63 40 - 911 38 992
|