|
Å stå på scena framføre eit stort publikum er meir populært enn nokon gong, med TV-show som X-faktor, Idol og Norske Talenter. No er det høve for lokale talent å få sjansen til å delta på det historiske realityshowet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid 26. – 28. juni. – Vi søkjer både jenter og gutar frå seks år og opp til 25 år som vil prøvespele for ei spanande rolle i dette populære spelet, seier styreleiar, Geir Lefdal.
”Elskhug og Eksis” er skrive av Tor Karseth og handlinga er lagt til 17. mai 1895 på eksersisplassen på Nordfjordeid. Dette er ein folkeleg musikal, sett med den tida sitt ungdomsperspektiv – altså eit slags musikalsk, historisk realityshow. Regissøren er Ronald Rørvik, som mellom anna har vore regissør for suksessrike framsyningar med Opera Nordfjord. – Rørvik er svært dyktig, så her har du sjansen til å få jobbe med ein som er skikkeleg proff. Kanskje dette er steget vidare i skodespelarkarrieren din, seier styreleiar, Geir Lefdal.
Ungdommeleg og sprekt Den raude tråden i stykket er unionen med Sverige og tida fram mot frigjeringa i 1905, og som i alle ekste realityshow er elskhug ein viktig ingrediens i handlinga. Du får treffe Valdemar Valdemarson Øybakken. Valdemar er 47 år, frisør, spelemann og kunstmålar, og er ein av dei viktigaste karakterane i stykket. - Valdemar var ein person som særleg ungdomen var glade i. Som spelemann og frisør hadde han god kontakt med alle lag av eidarane, fortel Geir Lefdal. I stykket får vi òg treffe sunnmøringen Andreas Røvde, fotograf, trubadur og ein viktig medspelar i ungdomsrørsla og i ungdomslaget i Eid. Saman med Vall var han ein del av det folkelege musikklivet i Eid. Du får òg treffe vaskekonene, soldatane som står Eksisen på Plassen, store og små eidarar og ikkje minst Kjøsnesmusikken, alias Eid Musikklag. Eige spesialamfi Dette er tredje gongen denne populære musikalen vert framført, og det på eit amfi med plass til 500 personar som vart spesielt laga for nettopp ”Elskhug og Eksis”. - Amfiet stod ferdig hausten 2004 og er bygd i naturstein. Allereie er amfiet vorte ein sjølvskriven arena for utandørs framføring av teater og musikk, seier Geir Lefdal. Trass i skiftande vêrtilhøve, så har dei to første framsyningane samla eit stort og entusiastisk publikum. - No tek vi heile framsyninga opp eit hakk i kvalitet, og du har sjansen til å vere med på tidenes beste utandørs musikal og historiske realityshow på Nordfjordeid, smiler Geir Lefdal. |