|
Jonsokhelga 2007 vert det historiske lystspelet Elskhug og eksis framført. For andre gong skal kjærleiken bløme under millitær eksis og 17. mai feiring på Eksersisplassen. Med mykje skjemt og moro får vi oppleve ungdommeleg glede, politiske brytningar, sosiale skilnader og strenge millitære tradisjonar i 1895. Sjølv om mange vil kjenne att deler av stykket frå 2005, er både nye karakterar og nye scener skrivne inn i stykket. Frå torsdag til søndag over 4 framsyningar, tek vi publikum attende til brytningstida mot slutten av 1800 talet . Eksersiplassen på Nordfjordeid var inne i si storheitstid, storpolitiske tema vart diskutert også her, og skjemt og moro var det på Plassen frå morgon til kveld. Velkomne til Nordfjordeid 21/6, 22/6, 23/6 og 24/6 for å ta del i denne folkefesten. Fakta om Elskhug og eksis 2007 Forfattar: Tor Karseth Musikkarr.: Reid Gilje Regi: Michael Pavelich Inspisient/Regiassistent: Karen Løken Militær eksersis/koreografi: Erlend Ona Gjul Danseinstruktør/koreograf: Candice Bredesen Kostymeansvarleg: Anne Regine Sønderland Sminkeansvarlege: Doris Grimstad Sunde Elin Faller Raad Hår: Anne Tove Thorsnes Plakatkunstnar: Sigrid Bjørkedal På scena ca. 87 aktørar og 30 musikantar! Spelestad: Eksersisplassen på Nordfjordeid Premiere: 21/6-07 kl. 19.00 Framsyningar: 22/6- 07 kl. 19.00, 23/6-07 kl. 18.00 og 24/6-07 kl. 15.00 Billettsal på Billettservice.
|