Elskhug & Eksis


Om Elskhug og Eksis
Elskhug og eksis 2009
Elskhug og eksis 2007
Elskhug & Eksis 2005
Eksersisplassen
Organisasjon
Plassens Venner
Fotoalbum
Fotoalbum
Linkar

Eksersisplassen

Eksersisplassen på Nordfjordeid vart grunnlagt på garden Osnes i 1649, som øvingsplass for Eid og Hornindal. Den militære øvingsplassen er såleis den eldste i landet. Eit skriv frå 1705 slår fast at 3 kompani skulle samlast til bataljonsøving på Eid kvart år, 14 dagar i juni. Når dei var samla på Eksersisplassen var dei aktørar i eit skodespel som sette sitt preg på bygda i 300 år. Aktiviteten var aller størst på slutten av 1800-talet. Høgdepunktet var Holtermannstida frå 1895 til 1901. Oppkalla etter oberst Holtermann som var sjef for Fjordenes korps frå 1895 til 1901.

I mellomkrigstida var nøytralitetstanken dominerande i forsvarspolitikken, og forsvaret skulle vere nøytralitetsvern. Aktiviteten på Plassen vart no noko redusert. Mykje vart flytta til Voss. Men fram til 1939 var det likevel øvingar om lag kvart einaste år, med i underkant av 100 mann.

15. mai 1940 kom den tyske okkupasjonsmakta til Nordfjordeid. Dei slo seg ned på Plassen. Her vart dei verande gjennom heile krigen. Dei var til vanleg ca. 150 mann stasjonert på Plassen, men av og til kunne det vere opp til 1000 soldatar. Tyskarane bygde opp ein god del brakker på området. Dei planta også dei flotte alleane som vi finn på området i dag.

Når freden kom vart forsvaret modernisert. Røynslene frå krigen gjorde til at Heimevernet vart bygd opp. Eksersisplassen høvde dårleg til den militære øvingsaktiviteten etter krigen. Nokre øvingar vart halde der. Dei tyske anlegga forfall og vart etterkvart rivne. I 1967 var det endeleg punktum for Nordfjordeid eksersisplass. Då tok Eid kommune over Plassen. Deler av Plassen vart regulert til industriområde. Sterke krefter hindra kommunen i å byggje ut heile området.

Heilt sidan dei livate jonsokfeiringane på 1800-talet, har Plassen vore samlingsstad for ungdom. Det er den enno. Millitæraktiviteten gjorde til at Eid IL vart skipa. Framleis er det stor idrettsaktivitet på Plassen; både fotball og bogeskyting. På 1970-talet vart deler av Plassen opparbeidd til idrettspark.

I dag ligg Eksersisplassen, på folkemunne Plassen, som ei grøn perle mellom to store industriområde i den sørlege delen av Nordfjordeid sentrum. I 2000 vart staden utnemnd til Eid kommune sin tusenårsstad. Dei siste åra har aktiviteten på området teke seg opp, mykje takka vere Plassens Venner.