Elskhug & Eksis


Om Elskhug og Eksis
Elskhug og eksis 2009
Elskhug og eksis 2007
Elskhug & Eksis 2005
Eksersisplassen
Organisasjon
Plassens Venner
Fotoalbum
Fotoalbum
Linkar

Plassens Venner

I 1999 vart Plassens Venner skipa. Det starta med at Eid Sportsfiskelag fekk kr. 30.000,- i tilskot til å grave ut Jektehola ved Eidselva sommaren 1999.  Ei lita gruppe sende då ein søknad til Eid kommune, som grunneigar på Plassen, om å få starte arbeidet i Jektehola, og sjå på muligheitane for å gjere noko meir med heile Plassen. Eid kommune gav postivt tilsagn til at ei arbeidsgruppe kunne oppnemnast og at arbeidet i Jektehola kunne setjast i gang.

Initiativtakarane samla då einskildpersonar, grupper og organisasjonar med tilknyting til og interesser på Plassen til eit skipingsmøte for ei arbeidsgruppe. Møtet vart halde 4. oktober 1999.  Fram til dette skjedde hadde det vore mange planar for kva som skulle gjerast med «Eksersisplassen». Ingen av dei var gjennomført.

Den nystarta gruppa, som kalla seg Plassens Venner, ville no få til handling. Målet for arbeidet vart å få samordna alle interessene for Plassen og få gjort det som skulle til for å kunne nytte Plassen og området ved elva optimalt.  Slik kunne det leggast tilrette for flest mogleg aktivitetar og arrangement i området. Plassens Venner er breitt samansett av organisasjonar og eldsjeler. Etter oppstarten i 1999 har Plassens Venner gjennomført følgjande tiltak på Plassen:

1999:
• Igangsetjing av arbeidet med utbyggingsplan for området ved elva.

2000:
• Vask av og planting rundt monumentet Sørgende Mor.
• Fekk utbyggingsplanen for området ved elva endeleg vedteken.
• Sette i gang anbodsrunde på gravearbeid i Jektehola.
• Skogrydding ved elva.
• Renoverte taka på museumsbygga.
• Fekk utarbeidd materialstandard for Plassen.
                                                                                   


2001:
• Alle tak på alle hus vart ferdig renoverte.
• Vaskehuset vart bygd opp.
• Arbeidet med Jektehola/Vaskeplassen vart ferdigstilt.
• Det vart laga til grillar i Jektehola.






2002:
• Plassens Venner overtok driftsansvaret for husa på Plassen.
• Vaskehuset vart måla.
• Det vart mura grue, sett inn vedovn og laga til inventar i vaskehuset.
• Stabbur, røykstove og børsemakarhus vart ferdig renoverte og måla.
• Børsemakarhuset vart innreia og gjort til klubbhus for Speidaren og Eid Hundeklubb.
• Renovering av området rundt Sørgande Mor vart planlagt og igongsett.
• Bakrommet i Røykstova vart laga til.                                                  

2003:
• Renovering av området rundt Sørgande Mor vart ferdigstilt.
• Museumsbygga vart ferdig renoverte.
• Bautasteinen vart sandblåst. Sokkel og kanonløp som omkransar bautaen vart renoverte.
• Arbeidet med å gjere husa i stand for heilårs utleige vart igangsett.
• Planlegging av amfi vart igangsett.
• Planlegging av tursti langs elva vart igangsett.
  


2004:
• Amfiet i naturstein vart bygd
• Museumsbygga vart ferdig måla
• Det vart bygd nye ramper ved inngangspartiet til toaletta på utescena og til dei to telthusa.
• Bautasteinen vart ferdig renovert.