|
”Elskhug og eksis” er skrive av Tor Karseth. Handlinga er lagt til 17. mai 1895. Dette var ei tid då det skjedde mykje i Noreg, og mykje lokalt knytt til eksersisplassen. Historia er folkeleg musikal, sett med den tida sitt ungdomsperspektiv. Unionen med Sverige og tida fram mot frigjeringa i 1905 er ein raud tråd gjennom heile stykket.
Ein god del av aktørane i stykket er historiske personar, som hadde funksjonar knytt til Eksersisplassen, eller til ungdomsmiljøet på Nordfjordeid. I tillegg er det også nokre oppdikta personar som er fletta inn i historia. Musikkarrangementa er ved Reid Gilje.
Som eit direkte resultat av planane for ”Elskhug og eksis” vart det bygd amfi med plass til rundt 500 personar på Plassen. Amfiet stod ferdig hausten 2004. Det er bygd i naturstein og har blitt ein sjølvskriven arena for utandørs framføring av teater og musikk. Det er i dette amfiet ”Elskhug og eksis” har blitt framført jonsokhelga 2005 og 2007, og skal framførast for 3. gong 26. - 28. juni 2009, med Marit Grytnes DUllaert som regissør og Erlend Ona Gjul som regiassistent.
|