Elskhug & Eksis


Elskhug og eksis 2011

Styret i Elskhug og eksis har bestemt at neste framsyning av Elskhug og eksis vert 24. - 26. juni 2011.

Billettsal til Elskhug og eksis 2009

Kjøp billett til Elskhug og eksis på internett. Det gjer du på Operahuset Nordfjord sine nettsider. Elskhug og eksis har 3 framsyningar; Premiere fredag 26/6 kl. 19.00, framsyning 27/6 kl. 19.00 og matine søndag 28/6 kl. 13.00. BIllettpris er kr. 250,- for vaksen og kr. 125,- for born. Grupperabatt for grupper på 10 vaksne eller fleire kr. 200,- pr. person.
Det vert også billettsal ved inngangen 1 time før framsyningane. Kjøp av billett på internett gjer du her

Elskhug & Eksis: Inviterar til våryrt, historisk realityspel!

26. - 28. juni brakar det bokstavleg tala med laust med tredje framføring av det historiske realityspelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid. Med over 50 personar ekstra på scena og Ronald Rørvik som regissør, er spelet både større og meir sprelsk enn nokon gong – og ikkje minst ungdommeleg våryrt!

Elskhug & Eksis på Facebook

Bli ven med Elskhug & Eksis på Facebook. Det vert lagt ut opplysningar og bilete der. Fortel dine bekjente, så vi kan få mange nye facebook venar.

Elskhug og Eksis inviterer: Audition på musikalsk realityshow

Å stå på scena framføre eit stort publikum er meir populært enn nokon gong, med TV-show som X-faktor, Idol og Norske Talenter. No er det høve for lokale talent å få sjansen til å delta på det historiske realityshowet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid 26. – 28. juni. – Vi søkjer både jenter og gutar frå seks år og opp til 25 år som vil prøvespele for ei spanande rolle i dette populære spelet, seier styreleiar, Geir Lefdal.

Elskhug og Eksis -09 Audition for born

Vi søkjer etter gutar og jenter i alderen 6 – 13 år som vil vere med på Elskhug og eksis 2009. Alle som er interessert i å vere med kan møte i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid torsdag 19 mars kl. 18.00. Elskhug og eksis er ein historisk musikal som no skal setjast opp for 3. gong. Øvingar for borna startar i april/mai. Stykket skal framførast 26., 27. og 28. juni. Du må like å synge og spele skodespel. Påmelding til Eid Frivilligsentral, tlf. 57886340/91138992 eller post@elskhug.no

Elskhug og Eksis -09 Audition - Måndag 2. mars

Det vert audition for gutar/menn og jenter/damer 14 – 25 år, måndag 2. mars kl. 16.00 – 19.30 i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid. Elskhug og eksis er ein historisk musikal som no skal setjast opp for 3. gong. Øvingar startar ca. 12. juni. Stykket skal framførast 26., 27. og 28. juni. Elskhug og eksis har fleire tale og sangroller for ungdom og unge vaksne i denne aldersgruppa. På audition må du synge, og gjerne framføre ein tekst! Du vel sjølv kva du vil syngje og framføre. Regissør 2009: Ronald Rørvik
Påmelding til Eid Frivilligsentral,
tlf. 57886340/91138992 eller post@elskhug.no

Det vert ny oppsetting av Elskhug & Eksis i 2009

Styret i Elskhug & Eksis har fastsett datoane for framsyning av spelstykket i 2009.

Stykket vert dette året spelt med 3 framsyningar: 26. - 27. og 28. juni.

Generalpørven vert 24. juni

Årsmøte Elskhug & Eksis 2007

Årsmøte/årssamling i Elskhug & Eksis vart halde på Nordfjord Hotell 15. november 2007. Årsmøtet handsama vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Styreleiar Gunnar Ellingsen hadde sagt frå seg attval og valnemda innstillte samrøystes Geir Lefdal som ny styreleiar. Årsmøtet slutta seg samrøystes (ved akklamasjon) til valnemda si innstilling. Ellers vart Hilde Hoddevik vald som ny styremedlem og Liv Marit Øvstebø og Ketil Rasmussen vert nye varamedlemmer til styret. På vegne av organisasjonen bak Elskhug & Eksis overrekte Agnar Kragseth blomar og gåve til Gunnar Ellingsen med takk for framifrå arbeid, og samarbeid, i tida han har vore styreleiar. Etter årsmøtet var det "mimresamling" der Michael Pavelich m.a. gav ei kort oppsummering av årets framsyningar. Det vart vist videoopptak frå framsyningane og dei frammøtte kosa seg med nydeleg pizza fra Nordfjord Hotell.

Elskhug og eksis - Historisk musikal

Her er alle skodespelarar og musikantar i Elskhug og Eksis 2007

Billettsal

FRAMSYNINGAR:
21/6 kl. 19.00, 22/6 kl. 19.00, 23/6 kl. 18.00 og 24/6 kl. 15.00

STAD :
Amfiet på Eksersisplassen - Nordfjordeid

BILLETTAR:
Posten/Billettservice Tlf. 815 33 133, www.billettservice.no

PRISAR:
Kr. 225,-.
Barn kr. 125,-
(pluss avgift)

FOLKEFEST
på Eksersisplassen etter musikalen.
Torsdag og fredag ca. kl. 21.00,
laurdag ca. kl. 20.00 og søndag ca. kl. 17.00

Elskhug og eksis for 2. gong

Jonsokhelga vert det historiske lystspelet Elskhug og eksis framført. For andre gong skal kjærleiken bløme under millitær eksis og 17. mai feiring på Eksersisplassen. Med mykje skjemt og moro får vi oppleve ungdommeleg glede, politiske brytningar, sosiale skilnader og strenge millitære tradisjonar i 1895. Sjølv om mange vil kjenne att deler av stykket frå 2005, er både nye karakterar og nye scener skrivne inn i stykket.

Born og ungdom - ein sentral del av Elskhug og eksis

Onsdag 23. mai startar borna sine øvingar til Elskhug og eksis 2007. Jonsokhelga skal heile 25 born i alderen 6 – 12 år frå Stryn, Hornindal, Ørsta og Eid delta i denne historiske musikalen, som vert vist på Eksersisplassen på Nordfjordeid. Borna deltek både med dans og sang.

Bli med på audition!

Audition i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid laurdag 10/3 frå kl. 14.00.
Hovudrolla som Vall Øyebakken: Menn 40 – 55 år.
Andre store og små roller: Born 6 – 13 år, Jenter/damer 14 – 30 år, Gutar/menn 15 - 30 år
Påmelding innan fredag 9/3 – kl. 12.00
Alle som melder seg, får beskjed om når dei skal møte!
Påmelding/informasjon: tlf. 57886340, e-post: frivilligsentralen@sensewave.com
Bli med på eit av årets mest spennande teaterprosjekt i Nordfjord!

Bli med på Elskhug og eksis - 2007

Andre oppsetting av den historiske musikalen ”Elskhug og eksis” har premiere på Eksersisplassen på Nordfjordeid 21. juni 2007. No er styret for Elskhug og eksis på jakt etter nye skodespelarar til fleire av rollene i stykket. Mellom anna ønskjer dei ein lokal skodespelar i hovudrolla som Vall Øyebakken. Også born, unge vaksne jenter og unge vaksne gutar kan møte til audition 10. mars. Sidan det i si tid kom unge gutar til eksis på Nordfjordeid frå Nordfjord og Sunnmøre, trengst det skodespelarar frå heile denne regionen.

Elskhug og eksis for Kronprinsparet

Sogn og Fjordane-besøket av Kronprinsparet vart avslutta på Nordfjordeid med stor folkefest på Eksersisplassen. Hovedinnslaget var utdrag frå Elskhug og eksis. Hege Lillestøl song ”Når soli blenkjer” og Erlend Gjul song ”Karuselldamen. Elles så var mest alle frå 2005-førestillinga med.

Elskhug og eksis 2007

Elskhug og eksis vert framført på Eksersisplassen på Nordfjordeid annakvart år. Styret i Elskhug og eksis har i styremøte 6. juli vedteke speledatoane for Elskhug og eksis 2007. Premieren er sett til torsdag 21. juni. Det vert framsyningar fredag 22. juni, laurdag 23. juni og søndag 24. juni. Vel møtt til ny folkefest i 2007!

Folkefest i 3 dagar til ende

Elskhug og eksis hadde urpremiere på Eksersisplassen på Nordfjordeid fredag 24. juni 2005. Vel 1500 menneske såg framsyninga i løpet av Jonsokhelga. Publikum likte det dei såg. Veirgudane var på arrangørane si side, kritikkane var strålande og folkefesten Jektehola ei oppleving. Vi har no lagt ut bilete frå premieren i fotoalbumet vårt. Dei finn du her

Flotte bilete frå Elskhug og eksis

Sjå Fjordabladet sine flotte bilete frå Elskhug og eksis 2005. Du går inn på linken nedanfor, og vel kategorien KULTUR: Elskhug og eksis. Då kjem du inn på bileteserien. Fjordabladet sitt biletearkiv finn du her

Historisk musikal og folkefest

Jonsokhelga 2005 skal millitærhistoria på Eksersisplassen på Nordfjordeid få sin eigen historiske musikal. Då er det premiere på ”Elskhug og eksis”. Frå fredag til søndag over 3 framsyningar, tek vi publikum attende til brytningstida mot slutten av 1800 talet . Eksersiplassen på Nordfjordeid var inne i si storheitstid, storpolitiske tema vart diskutert også her, og skjemt og moro var det på Plassen frå morgon til kveld. Velkomne til Nordfjordeid 24/6, 25/6 og 26/6 for å ta del i denne folkefesten.

Fakta om ”Elskhug og eksis”

Forfattar: Tor Karseth
Musikkarr.: Reid Gilje
Regi: Michael Pavelich
Spelestad: Eksersisplassen på Nordfjordeid
Premiere: 24/6-05 kl. 19.00
Framsyningar: 25/6- 05 kl. 19.00 og 26/6-05 kl. 15.00
På scena ca. 90 aktørar og 30 musikantar!

Billettsal

Gå ikkje glipp av årets happening i Nordfjord - Elskhug og eksis 2011.


Eksersisplassen på Nordfjordeid:
Fredag 24. juni kl. 19.00
Laurdag 25. juni kl. 19.00
Søndag 26. juni kl. 15.00

Du kan allereie no kjøpe billettar på www.operahuset.no eller på Eid Folkebibliotek.


Prisar:
Vaksne kr. 270
Born kr. 125
Gruppe (minst 10 personar) kr. 200 per person.
Gruppebillett må kjøpast via post@operahuset.no, på Eid bibliotek eller ved inngangen.


Kjøp billettar på Operahuset Nordfjord sine nettsider


Velkomne til eit av Noreg sine største utandørsteater!

Sjå bilete frå øvingane til Elskhug og eksis 2011

Fredag 24.juni 2011


125 aktørar har stått på kvar dag siste vekene for å gi publikum ei flott oppleving på Eksersisplassen denne helga. Her kan du sjå nokre bilete frå øvingane. Bileta er tekne av Lars R. Lunde.

Sankthansfeiring på Plassen laurdag 25. juni kl. 21.00

Fredag 24.juni 2011


Etter framsyninga av Elskhug og eksis laurdag 25. juni, vert det god gammaldags Sankthansfeiring på Plassen. Start kl. 21.00. Tastamentet spelar opp til dans og det vert rømegraut og grillmat med noko attåt.

Velkomne til elskhug og eksis 2011

Fredag 24.juni 2011


Veirmeldingane er i ferd med å snu til perfekt "spelveir", og 125 skodespelarar og 80 dugnadsarbeidarar er klare til å ta deg tilbake til 17. mai 1895, og alt det som skjer på Nordfjordeid denne dagen. Premiere i kveld 24/6 kl. 19.00. Framsyningar laurdag 25/6 kl. 19.00 og søndag 26/6 kl. 15.00.

Hovudroller 2011

Fredag 17.juni 2011


Det historiske lystspelet Elskhug og eksis vert spelt på Eksersisplassen på Nordfjordeid helga 24 - 26. juni. Øvingane er godt igang, og 125 aktørar på scena, 80 dugnadsarbeidarar og ein energisk produksjonstab gjer no sitt ytterste for å gi publikum ei uforgløymeleg oppleving i jonsokhelga. Dei 125 aktørane kjem frå fleire av Nordfjordkommunane samt Ørsta, Volda og Stavangerområdet.

Hovudroller 2011

Produksjon
Forfattar:    Tor Karseth
Musikkarr.:    Reid Gilje og Runar Nybø
Regi/Scenografi/Koreografi:    Marit Grytnes Dullaert
Regiassistent/militær eksersis/koreografi:    Erlend Ona Gjul
Dirigent:    Thomas Aanonlie
Inspisient:    Sofia Berg
Innøving song:    Hege L. Naustdal og Elena S. Doynova
Innøving barn:    Berit Hisdal Lunde
Innøving rekruttar:    Rune Balsnes
Kostymeansvarleg:    Anne Regine Sønderland
Sminkeansvarlege:    Doris Grimstad Sunde og Elin Faller Raad
Hår:    Kari Flaten og Anne Tove Thorsnes
Rekvisittar:     Tove Kjørstad
Lyd:    Operahuset Nordfjord v/ Andre Schorr, Ovar Holmen, Eirik Andreassen
Produsent:    Helene Karlberg

Hovudroller
Valdemar Valdemarsen Øyebakken, frisør, spelemann og målar:    Elling Sølvberg
Andreas Røvde, fotograf og trubadur:    Runar Nybø
Lorentz Nybø, typograf og redaktør av ”Unge Skud”:    Jørn Nedrebø
John Myklebust, premierløytnant og middelskulestyrar:    Erlend Gjul
Marta Rasmusdatter Rand, syerske, og med i Eids Ungdomslag:    Marte Rønnestad
Samuel Kjøsnes, fanejunker og handelsagent:    Alfred Bjørlo
Johanne Andersdatter, gift med Valdemar:    Janne Endal Andersson
Ågot Oldsdatter Taklo, g.m. styrar forhandelsforeninga, Østen Ous:    Anne Tove Thorsnes
Pernille Knutsdatter Myklebust, Jekteholekjering:    Marit Grenlund
Peder Olsen, son til Pernille og snart middelskuleelev:    Pontus Gundersen
Anna Olsdatter Myklebust, syerske og dotter til Pernille:    Nina Hopland Erviksæter
Ingeborg Andreasdatter Myklebust, enkje og vaskekone:    Hilde Heggen Haugland
Marie Isaksdatter Myklebust, enkje og vaskekone:    Monica Kvamme
Paul Paulson, føderådsmann, målar og tambur:    Jon Kjørstad
Sjur Sersjanten, sersjant frå Nordfjord :    Rune Balsnes
Innigardsguten:    Edvin Rand
Astrid Klausdatter Langeland, med i Eids Ungdomslag:    Ingrid Skrede
Lina, ung og motemedviten kvinne:    May Johnsen
Brita, ung og motemedviten kvinne:    Hege A Vereide
Knut Volden, unionsvennleg sersjant frå Sunnmøre:    Anders Sunde
Hans Flem, unionsvennleg sersjant frå Sunnmøre:    Leif Erik Senneset
Rasmus, velståande gardbrukar og hestekar:    Olav Rune Seljeset
Anders, kamerat av Peder Olsen, og småkjærast med Astrid:    Asbjørn Hagen
Mons, kamerat av Peder og Anders:    Johan Langeland
Lakselorden:    Simon Pavelich
Lakselordfrua:    Cathrine Næss
Johannes kleppar:    Erling Kayser
Birgitte Schreiner Høegh, 13 år:    Anna K. Rasmussen
Sofie Schreiner Høegh, 12 år:    Eline Lillestøl
Presten:   Terje Heggen
Prestefrua:    Berit Hisdal Lunde
Solveig, medlem av Eids Ungdomslag:    Ingvild Taklo Stautland
Valborg, medlem av Eids Ungdomslag:    Henriette Restad
Pernille, medlem av Eids Ungdomslag:    Gudbjørg Martine L Dahl
Arnhild, medlem av Eids Ungdomslag :    Kaisa Espe
Anton – rekrutt:    Steffen Taklo
Ingjald – rekrutt :    Ørjan Steinsvik
Svein – rekrutt :    Martin Haugen
Gjert – rekrutt:    Jørgen Henden
Astrid Valdermarsdatter – 4 år:    Selma Andersson

 

Kjøsnesmusikken
Dirigent
Thomas Aanonlie

Klarinett
Anne Grethe Eikås
Ingrid Rønnekleiv
Svein Rotevatn

Fløyte
Emma Myroldhaug
Julie Navelsaker
Marit Wilhelmsen

Saksofon
Jostein Haavik

Altsaksofon
Henrik Yndestad Runshaug

Trompet
Knut Eidheim

Kornett
Alfred Bjørlo
Karianne Taklo
Trude Sefland Heggen

Waldhorn
Silje Engeland
Siv Langøen Rotevatn

Althorn
Liv Marit Øvstebø
Albertine Eikås Halkjelsvik

Trombone
Hilde Hoddevik
Rigmor Gangdal
Unn Elin Karlsen

Euphonium
Marta Elvebakke
Sølvi Nordnes

Tuba
Ingve Elvebakke
Odd Frislid

Trommer
Erik Rønnekleiv
Magne Endal

Kompegruppe:
Julie Navelsaker – fløyte
Ingve Elvebakke – tuba
Dagfinn Lågeide – trekkspel

 

Skuleborn frå Haugen
Eline Langeland
Oline Challen
Lukas Andersson
Elisa Andersson
Iver F Bjørlo
Ingebjørg F Bjørlo
Sokrates Løvoll
Victoria Rasmussen
Øystein Mostad
Emma Sætren
Sara Arnestad
Hanna Taklo Stautland
Rakel M Steinholm
Sunniva F Brekke
Marie Lillestøl
Mathea Kvamme
Malin Holmøyvik
Amanda Hopland Erviksæter
Oselie H Henden
Jacob Hagen
Torjus Taklo
Ingeborg Myklebust
Andrea V Steen
Angelica Nesbø
Tørres Bjelland Nøstdal
Iselin Røed
Daniel Navelsaker
Hilde Sunde

Tamburgutt
Håvard Mostad

Eid Ungdomslag
Isabel Hellebust
Aurora Løvoll
Selina Noste
Håvard Mostad
Mathias Noste

Rekruttar
Eilif Sunde Røyset
Ole-Kristian Hanebrekke
Arvid Haugland
Kim Lillestøl
Leif Erik Senneset
Erling Mostad
Anders Lillestøl
Martin Lillestøl
Knut Tore Vereide
Rune Øyen Monsson
Magnus Henden
Even Heggen
Ole Martin Hoddevik
Olav Espe

Jekteholkjæringane
Anne-Kirsti Titti Noste
Cathrine Næss
Astrid Torheim
Helene Karlberg
Hege Hafsås
Hilde Heggen Haugland
Monika Kvamme

 

Kvinner og menn på Eid .
Agnes Nøstdal
Ingeborg Bjelland
Mats Andersson

Kos deg med bilete frå Elskhug og eksis 2009

Fredag 17.juni 2011


I dag er det ei veke att til premieren på Elskhug og eksis, og det er berre å byrje å glede seg. Medan du ventar kan du kose deg med flotte bilete frå framsyninga i 2009. Alle bilete er tekne av Svein Nesbakk.

Billettsalet er godt igang

Tirsdag 14.juni 2011

Frå Elskhug og eksis 2009
Gå ikkje glipp av årets happening i Nordfjord - Elskhug og eksis 2011. Eksersisplassen på Nordfjordeid fredag 24. juni kl. 19.00, laurdag 25. juni kl. 19.00 og søndag 26. juni kl. 15.00. Du kan allereie no kjøpe billettar på www.operahuset.no eller på Eid Folkebibliotek.

PRØVEPLAN 11.6. – 26.6., ELSKHUG OG EKSIS 2011

Lørdag 4.juni 2011

Det er ganske liten prøvetid vi har på å sette sammen hele Elskhug og eksis, så jeg må be alle om å prioritere å komme på prøve foran andre ting nå i innspurten. Dessuten er det viktig at alle møter presis og er godt forberedt; kunne tekst mest mulig utenat etc. Da blir prøvene effektive, og vi alle blir mindre slitne. Gi beskjed om det er en dag du ikke kan komme! Les prøveplanen nøye, se etter ditt rollenavn – og spør om det er noe som er uklart. God prøveperiode, alle sammen :-)

Marit
For fullstendig prøveplan - klikk på "les meir" eller "prøveplan" oppe til høgre.

Øvinger godt i gang

Søndag 29.mai 2011

ELSKHUG OG EKSIS, PRØVEPLAN 2. – 5. JUNI.

Barneskulen, gymsalen

Sjå bilete frå oppkøyringa til Elskhug og eksis

Sist laurdag var rekruttane i Eidsgata og laga liv saman med sersjant Sjur og Premiærløitnant Myklebust. Tre av rekruttane; Ole Kristian Nord, Arvid Haugland og Cato Hjelle, fekk tildelt korporalvinklar til uniformen sin. Dei deltek i Elskhug og eksis for 3. gong. Fotoalbum frå laurdag finn du her
I dag er første prøve med kostymer. Aktørane i årets framsyning har hatt mange lange øvingskveldar siste to vekene. Du kan sjå bilete frå øvingane i dette fotoalbumet

ÅRSMØTE OG MIMREKVELD 17.11.2009

Det vert årsmøte og mimrekveld for Elskhug og eksis, tysdag 17. november kl. 18.00 på Nordfjord Hotell. Alle medverkande på og bak scena er inviterte til å vere med. Det vert pizza og brus til alle. Pris kr. 50,- pr. pers. Har de saker som de ønskjer skal takast opp på årsmøtet, må de melde det inn på e-post til Eid Frivilligsentral snarast : post@eid.frivilligsentral

Nytt styre i Elskhug og eksis

På årsmøtet og mimrekvelden 17. novembervart det valt nytt styre i Elskhug og eksis. Geir Lefdal takka av som styreleiar. Ny styreleiar vart Agnar Kragseth.