Elskhug & Eksis


Årsmøte Elskhug og eksis 2011

Det vert årsmøte og mimrekveld for Elskhug og eksis 2011, onsdag 16. november kl. 18.00.

Ei stor takk


Styret i Elskhug og eksis ønskjer å takke alle som har bidrege til å gjere framsyninga av Elskhug og eksis 2011 til ein realitet; dugnadsarbeidarar, samarbeidspartar, sponsorar, produksjonsteam og skodespelarar. Eid særskild takk til Opera Nordfjord for lån av flotte kostymer og parykkar.

Bilete frå Elskhug og eksis 2011


No finn eit flott fotoalbum her på nettsida frå Elskhug og eksis 2011. Alle bilete er tekne av Svein Nesbakk.

Elskhug og eksis 2011 i media


Nedanfor finn du linkar til omtaler i media og bileteseriar etter Elskhug og eksis 2011.

Velkomne til elskhug og eksis 2011

Fredag 24.juni 2011


Veirmeldingane er i ferd med å snu til perfekt "spelveir", og 125 skodespelarar og 80 dugnadsarbeidarar er klare til å ta deg tilbake til 17. mai 1895, og alt det som skjer på Nordfjordeid denne dagen. Premiere i kveld 24/6 kl. 19.00. Framsyningar laurdag 25/6 kl. 19.00 og søndag 26/6 kl. 15.00.

Sankthansfeiring på Plassen laurdag 25. juni kl. 21.00

Fredag 24.juni 2011


Etter framsyninga av Elskhug og eksis laurdag 25. juni, vert det god gammaldags Sankthansfeiring på Plassen. Start kl. 21.00. Tastamentet spelar opp til dans og det vert rømegraut og grillmat med noko attåt.

Sjå bilete frå øvingane til Elskhug og eksis 2011

Fredag 24.juni 2011


125 aktørar har stått på kvar dag siste vekene for å gi publikum ei flott oppleving på Eksersisplassen denne helga. Her kan du sjå nokre bilete frå øvingane. Bileta er tekne av Lars R. Lunde.

Hovudroller 2011

Fredag 17.juni 2011


Det historiske lystspelet Elskhug og eksis vert spelt på Eksersisplassen på Nordfjordeid helga 24 - 26. juni. Øvingane er godt igang, og 125 aktørar på scena, 80 dugnadsarbeidarar og ein energisk produksjonstab gjer no sitt ytterste for å gi publikum ei uforgløymeleg oppleving i jonsokhelga. Dei 125 aktørane kjem frå fleire av Nordfjordkommunane samt Ørsta, Volda og Stavangerområdet.

Kos deg med bilete frå Elskhug og eksis 2009

Fredag 17.juni 2011


I dag er det ei veke att til premieren på Elskhug og eksis, og det er berre å byrje å glede seg. Medan du ventar kan du kose deg med flotte bilete frå framsyninga i 2009. Alle bilete er tekne av Svein Nesbakk.

Billettsalet er godt igang

Tirsdag 14.juni 2011


Frå Elskhug og eksis 2009
Gå ikkje glipp av årets happening i Nordfjord - Elskhug og eksis 2011. Eksersisplassen på Nordfjordeid fredag 24. juni kl. 19.00, laurdag 25. juni kl. 19.00 og søndag 26. juni kl. 15.00. Du kan allereie no kjøpe billettar på www.operahuset.no eller på Eid Folkebibliotek.

PRØVEPLAN 11.6. – 26.6., ELSKHUG OG EKSIS 2011

Lørdag 4.juni 2011

Det er ganske liten prøvetid vi har på å sette sammen hele Elskhug og eksis, så jeg må be alle om å prioritere å komme på prøve foran andre ting nå i innspurten. Dessuten er det viktig at alle møter presis og er godt forberedt; kunne tekst mest mulig utenat etc. Da blir prøvene effektive, og vi alle blir mindre slitne. Gi beskjed om det er en dag du ikke kan komme! Les prøveplanen nøye, se etter ditt rollenavn – og spør om det er noe som er uklart. God prøveperiode, alle sammen :-)

Marit
For fullstendig prøveplan - klikk på "les meir" eller "prøveplan" oppe til høgre.

Øvinger godt i gang

Søndag 29.mai 2011

ELSKHUG OG EKSIS, PRØVEPLAN 2. – 5. JUNI.

Barneskulen, gymsalen

Elskhug og eksis 2011

Styret i Elskhug og eksis har bestemt at neste framsyning av Elskhug og eksis vert 24. - 26. juni 2011.

Nytt styre i Elskhug og eksis

På årsmøtet og mimrekvelden 17. novembervart det valt nytt styre i Elskhug og eksis. Geir Lefdal takka av som styreleiar. Ny styreleiar vart Agnar Kragseth.

ÅRSMØTE OG MIMREKVELD 17.11.2009

Det vert årsmøte og mimrekveld for Elskhug og eksis, tysdag 17. november kl. 18.00 på Nordfjord Hotell. Alle medverkande på og bak scena er inviterte til å vere med. Det vert pizza og brus til alle. Pris kr. 50,- pr. pers. Har de saker som de ønskjer skal takast opp på årsmøtet, må de melde det inn på e-post til Eid Frivilligsentral snarast : post@eid.frivilligsentral

Sjå bilete frå oppkøyringa til Elskhug og eksis

Sist laurdag var rekruttane i Eidsgata og laga liv saman med sersjant Sjur og Premiærløitnant Myklebust. Tre av rekruttane; Ole Kristian Nord, Arvid Haugland og Cato Hjelle, fekk tildelt korporalvinklar til uniformen sin. Dei deltek i Elskhug og eksis for 3. gong. Fotoalbum frå laurdag finn du her
I dag er første prøve med kostymer. Aktørane i årets framsyning har hatt mange lange øvingskveldar siste to vekene. Du kan sjå bilete frå øvingane i dette fotoalbumet